![]() |
![]() |
![]() |
|||
Velkommen |
|||||
|
Gjennom kulturskulen.no skal Kulturskulen i Eid gje informasjon til dei som er nysgjerrige på kva vi driv med, til føresette med born i kulturskulen, og til dei som kan tenkje seg å kome på konsertane og utstillingane våre. Vi håpar de finn den informasjonen de er ute etter, og at de kan vere hjelpte med til dømes søknadsskjema.
Ein kulturskule har positive ringverknader som går ut over eit stort spekter av samfunnsområde. Kulturskulen er ein naturleg treffstad for born og unge med interesse for skapande og utøvande kultur. Vi er privilegerte som får lov å ta del i born si utvikling. På kulturskulen får den einskilde elev ei grunnopplæring og etter kvart mange erfaringar av å meistre eit instrument, i samspel med andre eller å lage eit flott kunstverk. Dette er gode opplevingar kvar einskild elev tek med seg vidare i livet.
Kulturskulen i Eid held eit høgt aktivitetsnivå gjennom konsertar og utstillingar, andre lokale arrangement, og vi tek oppdrag. Treng du eit kulturinnslag til ditt arrangement? Vi stiller gjerne opp.
Kulturskulen i Eid held til i nye lokale samlokalisert med Eid ungdomsskule. Her har vi kontor og undervisningsrom. I tillegg får elevar undervisning rundt om på skulane. Gjerne i skuletida om eleven og føresette ynskjer det.
Sjølve grunnlaget for å drive ein aktiv kulturskule med eit godt tilbod, er lærarstaben. Kulturskulen i Eid har engasjerte og dyktige lærarar med eit høgt kunstnarisk nivå. Dette er vi stolte av. Kultur er meiningsfull fritid, motivasjon og glede, formidling og kommunikasjon. Velkomen!
Dan Aasebø -rektor- |
|
||||
![]() |
![]() |
||||