Rockskulen i Eid

ROCKSKULEN I EID

Onsdag 8.august 2012

Rockskulen er eit nystarta samarbeidsprosjekt mellom Kulturskulen i Eid, Eid Ungdomsskule, Eid Vidaregåande Skule, Operahuset Nordfjord og Malakoff Rockfestival. Siktemålet er å få til eit tilbod innan rock/rytmisk musikk som følgjer skuleåret.

 

I løpet av året skal ein kome inn på mange ulike sider ved det å spele i band. I grove trekk kjem progresjonen i løpet av året til å vere slik:

 

- Samspel/øving som gruppe/band.

- Konsertførebuing, innøving av setliste.

- Livespeling på Gymmen Scene.

- Låtskriving og arrangering.

- Innspeling i Gymmen Studio.

- Ferdigstilling av musikalsk produkt.

 

Andre sider ein vil kome inn på er t.d.

- Kunnskap om teknisk utstyr lyd/lys og bruk av dette.

- Kunnskap om studioutstyr og bruk av dette.

- Konsertarrangering.

- Og så bortetter.. :)

 

Det heile blir leia og koordinert av ein dyktig og erfaren instruktør. Det blir likevel lagt opp til stor grad av medverknad frå brukarane. Målet er at alle skal få brukt sine kreative evner og at resultatet i størst mogeleg grad blir avgjort av det arbeidet kvar enkelt legg ned.

 

Aldersgruppa for dette tilbodet er frå 13 til og med 20 år.

Kulturskulen i Eid
Postboks 99
6771 Nordfjordeid
 
Leveringsadresse:
Skulevegen 75
6770 Nordfjordeid
 
Tlf: 57 88 51 80
Fax: 57 88 58 01
kulturskulen@eid.kommune.no

www.eid.kommune.no