|

- Alle som får undervisning i Kulturskulen i Eid, er elevar i kulturskulen.
- Elevane må binde seg for eit halvt år. Utmeldinga må skje skriftleg innan påmeldingsfristen for kvart semester, dvs. 1.mai og 1.desember.
- Elevane pliktar å møte til kvar time. Dersom ein elev er sjuk eller ikkje kan møte til timen, vil kulturskulen helst ha beskjed direkte til læraren.
- Kulturskulen set vanlege krav til god framferd.
- For å lære å spele eit instrument er det særs viktig at elevane øver kvar deg. Læraren fortel deg korleis, og kor lenge du skal øve.
- Eleven betalar for ein elevplass etter satsar som er gjeldande til eikvar tid. Det vil seie at ein ikkje betalar for lengd på time (rekna i minutt).
- Notar og anna materiell til undervisninga er kostnader som eleven må betale i tillegg til elevpengane. Elevane/ føresette er ansvarlege for skadar på instrument som skuldast aktløyse.
- Elevpengane skal betalast for kvart semester. Rekninga vert sendt frå skule- og fritidskontoret. Betalingsfrist er 1.november og 1.mars. Elevpengane kan ikkje refunderast. Elevar som sluttar midt i eit semester, må betale for heile semesteret. Unntak er sjukdom og flytting.
- Når ein elev sluttar i kulturskulen, kan han få eit brev som fortel kva undervisning han har fått.
|
|