Om fagtilbodet

 

Faga vi tilbyr opplæring i.

 

  • Piano. inkl. elektrisk piano
  • Strykeinstrument. Fiolin/Bratsj/Cello 
  • Gitar. akustisk, elektrisk og bassgitar
  • Trommer.
  • Messinginstrument.
  • Tverrfløyte (kan også ta klarinett)
  • Song (frå 13 år og eldre er prioritert!)
  • Visuell kunst. Kreativ1, Teikning + måling/form
  • Dans. moderne og ballett. 

Kor og korps i Eid kjøper dirigenttenester og instruktørteneste frå Kulturskulen.


Kva Kulturskulen gjev tilbod om undervisning i vil kunne variere frå år til år, vi er avhengige av å ha lærarar som kan undervise i dei ulike faga.


Alle fast tilsette lærarar i Kulturskulen er profesjonelle musikkpedagogar/kunstnarar med høgare utdanning og undervisningserfaring.

 

 

Aldersgrenser.

 

Kulturskulen er open for barn og ungdom frå 4 til 20 år.


På dans har vi klasser der borna kan byrje det året dei fyller 4 år.

På instrumentalopplæring tek vi inn elevar frå og med 1. klasse, men ved stor søking vil dei som er eldre få første prioritet, dersom føresetnadene elles er dei same.

På Visuell kunst gjeld det same som for instrumentalopplæring.

 

For tilbodet i song er alder viktigaste opptakskriterium. Elevar over 13 år blir prioritert først. Årsak til dette er den fysiske utviklinga til elevane. Yngre søkjarar oppmodar vi om å delta i Eid barne og ungdomskor.

 

Øvre aldersgrense er 20 år, med mindre ein har ledige elevplassar utan yngre elevar på venteliste.

Kulturskulen i Eid
Postboks 99
6771 Nordfjordeid
 
Leveringsadresse:
Skulevegen 75
6770 Nordfjordeid
 
Tlf: 57 88 51 80
Fax: 57 88 58 01
kulturskulen@eid.kommune.no

www.eid.kommune.no