Noko for deg?

Kulturskulen er open for barn og ungdom frå 6 til 20 år. For instrumentalopplæring tek vi inn elevar frå og med 1. klasse, men ved stor søking vil
dei som er eldre frå første prioritet, dersom føresetnadene er dei same. For tilboda i biletkunst er nedre aldersgrense 3. klasse. Øvre
aldersgrense er 20 år, med mindre ein har ledige elevplassar utan yngre elevar på venteliste.


Kulturskulen i Eid tilbyr opplæring i:


  • Piano
  • Orgel/keyboard
  • Fiolin
  • Bratsj
  • Cello
  • Gitar
  • Messinginstrument
  • Kammermusikk
  • Biletkunst

 


Kor og korps kjøper dirigentteneste og instruktørteneste frå Kulturskulen.


Kva Kulturskulen gjev tilbod om undervisning i vil kunne variere frå år til år, vi er avhengige av å ha lærarar som kan undervise i dei ulike faga.


Lærarane er profesjonelle musikkpedagogar/kunstnarar med undervisningserfaring.



Kulturskulen i Eid
Postboks 99
6771 Nordfjordeid
 
Leveringsadresse:
Skulevegen 75
6770 Nordfjordeid
 
Tlf: 57 88 51 80
Fax: 57 88 58 01
kulturskulen@eid.kommune.no

www.eid.kommune.no