Informasjon

Søknad, opptak, utmelding
Nye elevar fyller ut søknadsskjema innan fristen som blir sett kvar vår. Eleven blir då registrert og står på Kulturskulen si venteliste. Søkjarar som får plass, vil ved oppstart i august få eit brev med informasjon. Søkjarar som ikkje får plass får tilbakemelding. Dersom du får plass og tek imot, må du binde deg til eit halvt år.

 

Undervisning
Elevane har undervisning ein gong per veke og følgjer skuleruta til grunnskulen. Ved oppstart av skuleåret er det timeavtale med alle lærarane. Desse tidene gjeld for heile skuleåret. Elevane på musikkavdelinga frå 20 minutt undervisning per veke. Elevane på dei andre disiplinane får gruppeundervisning som kan variere frå 45-60 minutt per veke.

 

Avlysing av undervisning
Kulturskulen tek atterhald om å avlyse undervisninga 3 gonger per semester utan reduksjon i prisen pga. vanskar med å skaffe kvalifiserte vikarar.

 

Instrument
Elevane må halde instrument sjølve, med unntak av strykeinstrument, som ein kan få leige av kulturskulen. Når elevane skal ha instrument i full storleik, må dei rekne med å kjøpe eige instrument. Utgifter til strengar og anna utstyr må eleven dekke sjølv. Pianoelevar må ha piano sjølve, eller ha regelmessig tilgang på piano til øving.

Undervisningsmateriell


Musikkelevane må sjølve kjøpe det dei treng av notar og anna utstyr til undervisninga. For kopiert materiell som vert utlevert må musikkelevane rekne med å betale ei eiga kopiavift. Dei elevane som tek undervisning innan biletkunst, må betale ei ekstra avgift som dekkjer papir, blyantar, fargestiftar, måling og anna materiell.

 

Elevavgift
Elevavgifta vert fastsett av kommunestyret kvart år og gjeld frå 01.01. Det vert opplyst om gjeldande elevavgift på søknadsskjemaet, som vert justert kvart år. Elevar som sluttar midt i eit semester, må betale for heile semesteret.

 

Forsikring
Kulturskulen vil gjere merksam på at Eid kommune ikkje har forsikringsmessig ansvar for elevane i Kulturskulen. Føresette bør sjølve undersøke eiga ferie- og fritidsforsikring og reglane i folketrygdelova.

Kulturskulen i Eid
Postboks 99
6771 Nordfjordeid
 
Leveringsadresse:
Skulevegen 75
6770 Nordfjordeid
 
Tlf: 57 88 51 80
Fax: 57 88 58 01
kulturskulen@eid.kommune.no

www.eid.kommune.no