Søknadar til Kulturskulen i Eid

Som dei fleste veit har det vore, og er framleis, ventelister på ein del av tilboda i Kulturskulen. Det å måtte vente ei god stund før ein plass blir ledig er noko folk er vande med. Men på eit område kan vi faktisk trenge fleire søkjarar, og det er innan messingblås.

 

Spelar du i korps, men kan tenkje deg å heve nivået ytterligare? Eller vil du spele t.d. trompet eller trombone utanom korpssamanheng? Send ein søknad til Kulturskulen så er det gode sjansar for at du får plass raskt.

 

Minner også om at Biletkunst, grunna at undervisninga skjer i større grupper, har fritt inntak der alle over 8 år i utgangspunktet får plass.

Kulturskulen i Eid
Postboks 99
6771 Nordfjordeid
 
Leveringsadresse:
Skulevegen 75
6770 Nordfjordeid
 
Tlf: 57 88 51 80
Fax: 57 88 58 01
kulturskulen@eid.kommune.no

www.eid.kommune.no